torsdag 3. november 2011

Minus meg

Her kjem mi bokmelding om Minus meg av Ingelin Røssland (litt forsinka). Eg er med i Cappelen Damm sin bokbloggturné der fleire bloggarar skriv om same boka. Eg tykte fyrst det var dumt at boka var på bokmål. (For å bøta på det skriv eg på nynorsk :-) Ingelin Røssland skriv sabla god nynorsk og har fått mange til å hoppa over språkbarrieren for å få med seg dei gode historiane hennar. Men etter å ha lese boka, tenker eg at ho skriv godt på bokmål og. Eg unner henne at ho når fleire lesarar og eg trur at dei som les denne boka, vil ha med seg fleire bøker av henne. Eg kan gå god for alle, men likar aller best Englefjes der journalistspira Engel er hovudperson. Ho er ei knalltøff jente med den sprøaste sommarjobben i lokalavisa.

Hovudpersonen Linda i Minus meg er ikkje lett å lika. Ho er ufyselig sjølvopptatt. Men eg får dårleg samvit medan eg les og tenker at det heller er synd på Linda. Ho er snart tretten, hjarta hennar er sjukt og ho skal snart døy. Men det blir ikkje så trist likevel, ikkje enno. Linda og venninna Kima skriv ei liste over ting som må gjerast før ho døyr. Så blir det ein vegroman, ei reise sørover som i ein road movie. Linda "gotta see about a boy" som Will seier i Good Will Hunting.

Men inni denne historia ligg ei anna historie gjøymd. Små gåter ligg strødd rundt i historia slik at å lesa romanen også blir ei jakt etter svaret på desse gåtene. Kven er eigenleg denne Njål som reddar livet hennar i symjehallen og som vil læra henne å leva den korte stunda ho har igjen? Kvifor er mor og far til Linda så fåmælte og triste? Kvifor dukkar den svarte katten opp alle stader? Eg fekk ikkje svar på alt, og eg kunne ynskt at det hang betre saman, men det er eit modig forsøk. Eg har ikkje noko godt forslag på korleis ho elles kunne gjort det. Eg tenkjer at Engel har påvirka forfattaren sin til å bli enda tøffare og villare.

Ingelin Røssland har fått prisar for bøkene sine og dei som likar bøkene hennar seier at ho skriv seg inn i det å vera ung. Eg er heilt einig. Boka handlar ikkje berre om alt det ei ung jente må nå før ho døyr. Ho seier og noko om å vera ung. Om alt ein skal nå før ein blir gammal. For då er vel livet over, likevel?
Andre har og blogga om Minus Meg:
The Witch of the North
Les mye
ellikkens bokhylle
Julies bokbabbel

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar