tirsdag 21. september 2010

Om å samtale - essay av Michel de Montaigne

Dersom eg vann fleire millionar, ville eg gjera som Michel de Montaigne. Lukka meg inne i eit stort hus fullt av bøker og sitta å lesa og skriva heile dagen. Men kanskje me i dag er altfor avhengig av andre folk til at me hadde trivst med eit slikt aleinetilvære.

M.d. Montaigne trakk seg altså tilbake og skreiv essais. Tankane hans og ikkje minst skrivemåten hans svært aktuell. Den slentrande stilen passar svært godt til bloggsjangeren òg. Når du les ordet essay, tenker du kanskje på skulestilen du måtte skriva, men skulen si oppfatning av ordet høver ikkje i det heile tatt. Det er ikkje Montaigne sin feil. Denne varianten er ikkje hans påfunn. For han var det skriveforsøk, altså å prøve å skrive. Det er mange av essaya hans som er verd å lesa, men eg har arbeidd ekstra mykje med «Om å samtale» mellom anna som innsendingsoppgåve til bibliotekstudiet ved Høgskolen i Oslo. Eg undrar meg i mitt skriveforsøk på kva som gjer denne teksten til eit essay? Kva særmerker eit essay?

Den teoretiske bakgrunnen for essayets kjenneteikn hentar eg frå tre framstillingar. Gerhard Haas si framstilling (1982) der han skisserer tolv særmerke og topoi ved essayet. Kjenneteikna hos Haas finn ein igjen i Mia Bull-Gundersen sin artikkel om sentrale trekk ved essayet, men ho presenterer òg andre moment (Bull-Gundersen 1991), og hos J.L. Tønnesson som gir ein kortare oversikt over Haas' kjenneteikn. (Tønnesson 2008)

Montaigne har i denne teksten vald emnet samtalen. I følgje Bull-Gundersen kan essayisten velgja kva emne han vil, men essayisten skapar ikkje noko nytt tema, han nyttar essayforma til å sjå på eit allereie eksisterande tema på ein ny måte og frå andre innfallsvinklar. Slik kan gamle og gløymde tankar bli oppdaga på nytt. (Bull-Gundersen 1991) Dei ulike aspekta ved samtalen blir hos Montaigne framstilt som både filosofiske og kvardagslege. Han fører samtalen tilbake til antikken og seier at han er både «lærerik og gir øvelse»(Montaigne 1990), medan han seinare i teksten har eksempel frå kvardagslege hendingar som at gjetargutar kjeklar. (ibid.)

Han byrjar essayet midt i ein tanke: «Den mest naturlig og fruktbare utfoldelse for vår ånd [...]» (Ibid.) og innleier ikkje med ein problemstilling som han seinare diskuterer. Han sluttar heller ikkje med ein endeleg konklusjon. Han vil ikkje innordna seg aksepterte måtar å tenka og skriva på og står difor fram som fiendtleg mot reglar og påbod. Denne mangelen på systematikk blir kalla systemfiendtleg. (Tønnesson 2008) Denne opne forma, utan konklusjonar, gjer at det blir opp til lesaren å trekka eventuelle konklusjonar. (Bull-Gundersen 1991) Han har ein dialog med den tenkte lesaren og trekk lesaren med i argumenta og eksempla ved å nytta «vi» og «oss»: «Det er en flau og skadelig fornøyelse å omgås folk som er redde for oss.» (Montaigne 1990) Dialogforma kallar Gerhard Haas for eitt av essayet sine topoi (1982), det vil seia ein tilhaldsstad for argument. (Quintilianus 1993) Omgrepet topos er for omfattande til å definera fullstendig her, men i denne samanhengen kan ein forstå topoi som ein stad av teksten som får innhaldet sitt ut frå at det er i akkurat den konteksten. Det vil seia at når lesaren kjenner igjen denne staden, vil han lettare sjå samanhengen og skjøna det betre. Lesaren er innforstått med det som blir skrive (Bull-Gundersen 1991) og difor kan han referera kva Antisthenes råda barna sine til og kva Platon seier i sin Republikk (Montaigne 1990) utan å forklara dette nærmare. Lesaren har same referansar (Bull-Gundersen 1991) som Montaigne noko som gjer at Montaigne har med sitat frå diktarar frå Antikken, Horats og Lukrets, utan å gjera meir greie for dei. Det skapar tryggleik å lesa noko som er kjent, og Montaigne finn fram til døme på situasjonar som alle kan ha opplevd: «Vi lærer å diskutere bare for å motsi hverandre [...]» (Montaigne 1990) og «Den orden vi kan iaktta hver dag når gjetergutter eller løpergutter kjekler, men aldri hos oss.» (ibid.)

Med sine døme, argument og tankar ynskjer han ikkje å overtyda lesaren. Han vil berre prøva dei ut mot ein tenkt lesar. Haldninga hans er at han gir avkall på å «avsi definitive dommer» (ibid.) og på den måten kan han observera «motstridende meninger»(ibid.) og lytta til «andres dom» (ibid.). At Montaigne kvier seg for å «avsi dommar» (1990) er òg eit døme på Haas sitt særmerke om tvisynet, eller eit dialektisk syn på røyndomen som er typisk for essayisten. Denne haldninga viser at han ikkje eig sanninga, men kjem med ulike aspekt av fenomenet samtalen og held «motstridende meninger» (Montaigne 1990) opp mot kvarandre. Han finn eksempel frå sine eigne samtalar og er personleg og utleverer seg sjølv. Slike personlege essay kallast for informale (Bull-Gundersen 1991), og hos Montaigne er det personlege meir framme enn objektet han vil finna ut om. Mange setningar byrjar med eg. Han skriv om sine eigne erfaringar frå samtalar og forskar på korleis han sjølv har oppført seg. Han har erfart at han blir eggja og overgår seg sjølv når han er i samtale «med en betydelig ånd» (Montaigne 1990). Han blir ikkje støtt eller influert av av at meiningar strir mot kvarandre. «Det vekker meg og gir meg øvelse.» (ibid.) Å bli motsagt, gjer han oppmerksam, ikkje sint (ibid.). Den personlege tilnærminga til objektet han skal granska, stemmer med det Haas kallar det tilnærmande perspektive og subjektive (Haas 2009). Han prøver å nærma seg sanninga gjennom å sjå på objektet frå stadig skiftande vinklar. Men han kan òg vera ironisk, noko han viser ved å snakka om overtru. Han liker seg betre når han får vera den tolvte eller fjortande til bords, enn når han er den trettande (ibid.). Han observerer òg korleis andre reagerer gjennom ein samtale. Kva skjer når kjenslene tar overhand? «Vreden har alt lammet hans dømmekraft. Forvirringen er kommet fornuften i forkjøpet.» (ibid.)

Desse observasjonane er ikkje systematiske. Hans observasjonar og argument er som ein spasértur med omvegar og avstikkarar. Spaserturen er ein annan av essayet sine topoi. (Haas 1982) Avstikkarane får si meining nettopp gjennom å sjå på framstillinga hans som ein spasertur: Han får fram det viktige i at alle samtalar går ordentleg føre seg ved å visa til at sjølv gjetargutar og læregutar har ein viss orden når dei kjeklar. Men alvoret i å samtala bleiknar når han seier at det burde vore eit veddemål der den som hadde rett, vann. Slike omvegar viser at Montaigne ikkje har fastlåste meiningar, men at han er i ein prosess. (Bull-Gundersen 1991), men dei kan òg føra lesaren på villspor og bort frå det saka handlar om. Då kan det vera vanskeleg å forstå kva akkurat det argumentet eller den hendinga har med saka å gjera. Det kan få lesaren til å kjenna seg dum og forvirra og få han til å leita etter meining der det ikkje er noka. Eit døme på dette er når han snakkar om å få vektskåla til så vidt å skjelva «av gammelkonetanker» (Montaigne 1990).
Teksten til Montaigne byrjar med dei positive sidene av samtalen. Undervegs merkar ein ei viss endring til det negative ved å samtala utan at det er systematisk. Bull-Gundersen kallar dette ei gliding (1991). Dei fire døma nedanfor viser denne glidinga: Han skriv i byrjinga at den andre sine tankar får hans eigne til «å velle fram» (Montaigne 1990). Litt seinare skriv han: «Ingen påstand forskrekker meg, ingen trosretning sårer meg, hvor mye den enn strir mot min egen.»(ibid) Etter kvart kan ein lesa: «Det ville gjøre meg ondt å bli hardt tiltalt av mine venner: [...]»(ibid.) Mot slutten av teksten skriv han: Våre disputter skulle være forbudt og bli straffet [...]»(ibid.). Men denne glidinga er ikkje det vesentlege i denne teksten til Montaigne. Det er viktigare for han å visa fram motsetnadene i argument og eksempel. Gjennom å skapa paradoks i teksten viser han at han er i ein prosess (Bull-Gundersen 1991), at han søker sanninga og eggjar lesaren til å gjera det same.

Michel de Montaigne, fransk forfattar, fødd i 1533, død i 1592, er ein typisk renessanseforfattar. Trekk ved renessansen er henta frå Tekstsamling I, kapitlet om renessansen (Ridderstrøm 2006). Andre kjelder er Verdens litteraturhistorie, bind 3 ( Hertel et.al. 1986) og etterordet til utgjevinga av Essays, tredje bok (Sellevold 2008). Tekstsamlinga og litteraturhistorieverket gjer ein oversikt over stoffet, medan Sellevold sitt etterord gjer eit meir utfyllande bilete av personen Montaigne, forfattarskapen hans og hans rolle i samtid og nåtid.
Renessansen tyder gjenføding og det som blei gjenfødd var ideal og tankar frå antikken (Ridderstrøm 2006). Humanistane med Petrarca som den første, studerte litterære verk frå antikken og gjenoppliva dei tre språkkunstene retorikk, dialektikk og grammatikk. Å meistra språkkunstene gjorde dei veltalande, eloquentia, og vise, philosophia (Hertel et.al. 1986)
Montaigne skreiv i alt tre bøker, alle kalla Essays. Dei to første kom ut i 1580, den tredje kom ut i 1588 saman med ein ny utgåve av dei to første. (Sellevold 2008). Både då og nå kan ein lesar sjå at hans forfattarskap framstår som både veltalande og vis og han syner i til dømes essayet «Hvorledes han skriver og taler» at antikkens eloquentia er hans ideal: «Deres verk [...] overvelder meg og gjør meg stum av beundring» (Montaigne 1979). I så måte er han ein typisk renessanseforfattar. Men ideala hans er høge og resulterer i at han trur at ingenting han skaper, kan måla seg med dei gamle meistrane: «Jeg finner intet i meg selv som står for min kritikk.» (ibid.) Å vera så personleg og å vedgå nederlag, er ikkje så typisk for renessansen, snarare må ein fram til realismen på 1800-talet og den melankolske nyromantikken for å finna slike haldningar attgjevne i litteraturen. Ærefrykt for meistrane førte hos mange renessanseforfattarar til at kopiering av tekstar blei idealet, eller omsetjing. Lite nytt blei skapt. Emna dei skreiv om var ofte dei same som i antikken; retorikk, filosofi, religion, gudar og heltar. Montaigne var som andre renessansemenneske ein ivrig lesar av litteratur frå antikken. Han kunne lesa latin og omsette òg eit verk av teologen R. Sebond. Men han dreiv nok med kritisk lesing der hans eiga dømmekraft skulle vurdera kva som var sant og viktig, noko som var ein lesepraksis hos renessansehumanistar som til dømes Petrarca. (Ridderstrøm 2006). Montaigne hevdar i «Om oppdragelse» (Montaigne 1979) at denne frie innstillinga til kunnskap er viktig: «For vi gjør forstanden fryktsom og feig hvis vi ikke gir den frihet til å foreta seg noe på egenhånd.» (ibid.) Men han går lenger i spørsmålet om barneoppseding og nærmar seg ei oppfatning som opplysningsfilosofar som Rosseau hevda: «[...] lot ham snuse på tingene og velge og skjelne mellom dem på egen hånd.» (ibid.)

Ei empirisk tilnærming til røynda er eit kjenneteikn ved Montaigne sine essay på den måten at han stiller seg open til fenomena og hendingar og skriv detaljert om tankeprosessar og sanseinntrykk. Slik sett liknar hans framgangsmåte meir på empirismen i opplysningstida, men han forskar ikkje for å komma fram til ein teori. Renessansehumanistane var òg opptatt av alt som kom menneske ved, men Montaigne gjekk lenger. Han sjølv og hans sanseinntrykk og tankar er i fokus. Han skriv om det han kjenner best til, nemleg seg sjølv. Og gjennom sine erfaringar oppdagar han at det som gjeld han sjølv, kan gjelda alle menneske:
Andre bygger og utformer mennesket, jeg beskriver og stiller til skue et enkelt eksemplar av arten som er alt annet enn velformet, og hvis jeg hadde kunnet begynne på nytt igjen, ville jeg ganske sikkert ha gjort det annerledes. (Montaigne 2008, s. 29)
I bøkene Essays kan ein finna igjen denne interessa for mennesket i emnevala hans. I nokre essay lar han seg inspirera av oppdagarane sine forteljingar. Då skriv han om indianarar i «Vitnesbyrd om den nye verden» og om kannibalar i «Om kannibalene» (Montaigne 1979). I andre essay er det mennesket sine eigenskapar og kjensler han forskar på. «Mennesket, en blanding av egenskaper» og «Om menneskets ubestandighet» (ibid.)

Montaigne var oppteken av sjela, men ikkje i strengt religiøs forstand, meir som ein åndeleg reiskap for å ta dei rette moralske vala. Andre humanistar, som Erasmus Montanus, var opptatt av religiøse spørsmål og Martin Luther blei ei drivande kraft for reformasjonen. (Hertel et.al. 1086) Men Montaigne drøftar sjeldan trussetningar, men tar for seg rettvist og moralsk liv og særleg hykleri og dobbelmoral: Eit døme frå essayet «Om hykleri» viser dette: «Et edelt menneske bør ikke fornekte sine tanker, det vil at man skal se det like inn i sjelen. Alt er godt der, eller i det minste: alt er menneskelig.» (Montaigne 1979, s. 54).
Montaigne valde den meir folkelege stilen som var i munnleg forteljing, pikareskromanar og folkebøkene. Petrarca sitt verk, Canzoniere, har òg ein lettare stil (Ridderstrøm 2006) og i så måte skiljer Montaigne seg ikkje så mykje ut. Men stilen hans var friare og lettare kanskje på grunn av at han ikkje trengde føra ei prov-rekkje som skulle enda med ein konklusjon. Han stod nok òg friare i høve til renessanse- og humanisttradisjonen i og med at han var fødd over 200 år etter Petrarca, som blir rekna som den første humanisten.

Montaigne kan reknast som spesiell og eineståande, men det er typisk for ettertida sitt syn på renessansen at denne tida gav oss mange store kunstnarar, tenkjarar, vitskapsmenn og oppdagarar. Han er difor ein typisk renessanseforfattar. Men han skapte ein ny tenkje- og skrivemåte som var epokegjerande. Essays blei seinare mønster for essayet som av nokon blir rekna som ein eigen sjanger. Tønnesson (2008) er inne på at essayet som skrivestil kanskje har fått sin renessanse i bloggskrivinga på internett.

Sjølv om Montaigne skapte mykje nytt når det gjaldt emneval, skrivestil, hans fokus på individet og hans høve til religion, vil konklusjonen bli at han var ein typisk renessanseforfattar. Men ei oppgåve om Montaigne bør kanskje ikkje ha nokon konklusjon? Men humanistane sine motstandarar, stoikarane, ville nok konkludert med følgjande: Montaigne skriv at han sjølv er si boks innhald. Hans levetid var i renessansen. Ergo er diktinga hans typisk for renessansen.
Litteraturliste:

Bull-Gundersen, M. (1991) Sentrale trekk ved essayet. Kritikkjournalen, 1991, s. 74-79

Haas, G. (2009). Essayets særmerke og topoi. Fredrikstad: Høgskolen i Østfold. Lokalisert 25. april 
2009 på verdensveven: www.fag.hiof.no/lu/fag/norsk/1/103/ra/essayet/Haas.doc

Hertel, H. et.al. (1986). Verdens litteraturhistorie : Bind 3 : 1450-1720. Oslo: Gyldendal

Montaigne, M.de (1979) Essais. Oslo: Aschehoug

Montaigne, M.de (1990) Essays. I: Ridderstrøm, H. (red.), Tekstsamling 2 : sjangerteori, 
bokhistorie og teksteksempler (s. 105) Oslo: Høgskolen i Oslo

Montaigne, M.de (2008) Essays : Tredje bok. Oslo: Aschehoug

Quintilianus, M.F. (1993). Institutio oratoria: Opplæring i talekunst. I: H. Slaattelid (red.), Romersk 
retorikk (s. 129-154). Oslo: Det Norske Samlaget

Ridderstrøm, H. (2006) Litteraturhistoriske tekstpraksiser. Oslo: Høgskolen i Oslo

Sellevold, K. (2008). Etterord : Montaignes essays. I: Montaigne, M.de, Essays (s. 469-510). Oslo:
Aschehoug

Tønnesson, J.L. (2008). Hva er sakprosa. Oslo: Universitetsforlaget.

1 kommentar:

  1. I have always found it hard to meet the requirements of being a student. Ever since my years of high school, I really have no idea what professors are looking for to give good grades. After some google searching, I found this service WritePaper.Info who helped me write my research paper. The final result was amazing, and I highly recommend WritePaper.Info to anyone in the same mindset as me.

    SvarSlett