onsdag 2. desember 2009

Eventyrlig konspirasjon!


Har du hatt mareritt? Trur du at noko har tatt over styringa over deg sjølv? Les boka, løys gåta og redd verden! står det på omslaget. Mørkeboka av Sigbjørn Mostue er ikkje ei historie ein les frå byrjing til slutt. Eg måtte på ein måte bygga historia sjølv ved å setja saman alle bitane som finst i boka. Og spanande blei det.

Dei overnaturlege, nissar, troll og byttingar, er rundt oss overalt. Wilma er hovudperson i boka og etterkvart skjønar både eg og ho at ho ufriviljug er dradd inn i noko stort og farlig. Kampen om Mørkeboka er i gang. Forfattaren Mostue har fått ei farlig oppgåve. Han må offentliggjera dei hemmelige dokumenta slik at konspirasjonen kan bli avslørt. Trolla må opp i dagen. Papira viser at den hemmelege tenesta har overvåka alt og alle som kan ha noko med saka å gjera og i desse dokumenta er alt samla: SMS-ar og chat på nettet, dagbøker og brev og fortrulege samtalar mellom lege og pasient. Men kva er formålet deira? Vil dei ha tak i Mørkeboka for å øydeleggja henne?

Å lesa denne historien er som sagt annleis enn å lesa ei anna bok. Teksten førte meg til nettstader, fake og ekte. Det er meir mellom himmel og jord enn me trur og det er meir mellom sidene i denne boka enn eg fekk med meg, trur eg. Prøv du óg å sjå om du får løyst gåta.

Denne bokmeldinga er ein del av bokbloggturneen som Cappelen Damm har. I går var det Karin som skreiv om boka. I morgon er det Elin sin tur.

Sigbjørn Mostue har skrive ein fantasytrilogi som heiter Alvetegnet. Serien er veldig populær på Sola folkebibliotek og sikkert andre bibliotek også. Her er ikkje orkar og drakar, men "våre overnaturlige vesen"; nissar og troll. Det gjorde det ekstra artig å lesa. Og eg må innrømma at eg likar betre bøker med ein vanlig gang frå byrjing til slutt. Eg vonar at Mostue har fleire gode historier å komma med. Mørkeboka er ikkje ein del av serien sjølv om det står Alvetegnet på ho. Ho må vel meir kallast ei spin off-bok.

1 kommentar:

  1. Denne fikk jeg lyst til å lese. Jeg har lest en annen av Mostue sine fantasybøker, uten at jeg kommer på tittelen. Kan den passe for en 9 åring tro, eller blir den for skummel? Vi holder på med Skammarens Dotter, av danske Lene Kaaberbøl, oversatt til (solid!) nynorsk. Den trenger litt sensurering av de aller blodigste udådene underveis, og jeg tror nok vi må vente et års tid med fortsettelsen...

    SvarSlett