torsdag 17. september 2009

Genesis - framtid og dystopi

Genesis er ei historie eg måtte lesa seint slik at eg fekk med meg alt. Og likevel fekk eg det ikkje med meg! Ein stad i boka kom ein dramatisk vending som gjorde at eg bladde febrilsk bakover. Kva var det eg las? tenkte eg. Det eg allereie hadde lese, tydde plutseleg noko anna.

Neste tanke var at dette er gøy. Eg likar overraskingar, men her blei eg òg utfordra på fordommane mine. I tillegg blei eg stilt framfor moralske dilemma: Kunne eg drepa for å redda eit uskuldig liv? Ville eg opponert mot eit strengt regime med fare for mitt eige liv?

Eg har valt ei forsida til ein engelsk versjon for di ho fortel noko anna om boka enn det den norske gjer. At bøkene har ulike forsider, tyder på at ein kan leggja mykje i teksten. Boka er smart skriven og det beste av alt - ein føler seg skikkelig klok når ein skjønar litt av det som ligg under teksten og mellom linjene. Fleire dager og veker etter eg har lese boka, oppdagar eg artige vriar som gjer handlinga annleis enn når eg las fyrste gongen. Gjennom teksten er det spor som viser mot slutten. Men det diskuterer me når du har fått lese boka. Her kjem eit kort resymmé og utdrag som ein smakebit på det du får oppleva.

Anaximander skal til opptakseksamen på Akademiet. Den nære historia er temaet og ho har valt å fortelja om helten sin, Adam Forde. Ho har brukt tre år saman med rettleiaren sin, Perikles, på å læra alt om han. Dei som står til eksamen blir tatt opp på akademiet. I denne tenkte framtida, er det Akademiet sine tenkarar som styrer landet og berre eit fåtal kan komma inn. Me får lesa om Anax sine tankar og draumar og når ho fortel, får me greie på det som skjedde ein gong. Adam Forde blei ein opprørar og samfunnet straffa han med å la han vera saman med Art(ificial intelligence) - ein prototyperobot med kunstig intelligens. Adam samtalar svært motviljug med Art og Art syg liksom klokskap og menneskeleg tenkeevne ut or han.

"Så hva er det du har som jeg ikke har?" sa Art utfordrende. "Bortsett fra en tendens til å forfalle?"
"Jeg lever," sa Adam. "Noe jeg er sikker på du ville satt pris på hvis du visste hva jeg snakket om." "Definer å leve," sa Art, "før jeg fastslår at du er for dum til å snakkes til." "Nå frister du meg," svarte Adam. "Du klarer det ikke, sant?" [...] "Livet er å lage orden av kaos. Det er evnen til å ta opp energi fra verden utenfor for å skape form. For å vokse. For å formere seg. Dette kan du ikke forstå."

Bokbloggturnéen er Nina i Cappelen Damm sitt påfunn og eg er veldig glad for at eg fekk vera med. I går skreiv Aud på Ungdomsboka - bloggen til Jær-biblioteka. om boka Genesis. I morgon skriv Kristine Kaizer på http://kristinekaizer.wordpress.com/.

Du kan ta del med kommentarar på bloggane. På facebook kan du bli med på ein konkurranse og vinna ein bokpakke. Har du lyst til meir, til dømes å bli med i neste bokbloggturné, kan du ta kontakt med Nina.

1 kommentar:

  1. Hvordan virker bokbloggturneen? Er det en slags vandregreie, at folk utfordrer hverandre eller? Hvordan organiseres det? Kjekt å lese.

    SvarSlett