søndag 14. desember 2008

Twilight


Ååå som eg gleda meg til å sjå Twilight. Og den var heilt topp! Fantastisk! Ugløymelig! I Stavanger valde dei å ha førpremiere denne helga, (kanskje på grunn av mailen eg sende?) Sjølv om min Edward var mye finare enn på filmen, var dette ein film som klarte å halda på den intense stemningen du kommer i når du les boka. Ei sensuell bok utan sex og filmen vibrerte til tider. Mmmm. Då eg las boka, gløymde eg å pusta, så mykje spanande skjedde rundt Bella. Det var ikkje bare når handlinga var spanande at eg heldt pusten. Eg kunne til dømes kjenna spenninga mellom Bella og Bellas far. Og redsla hennar når ho blir forfølgd i byen. Det er så utrolig godt skrive og filma. Gled dykk!

http://www.imdb.com/title/tt1099212/

Når du har lese Twilight og/eller sett filmen, kan du gleda deg til tre bøker til: New Moon, Eclipse, Breaking Dawn. Dei er og heilt fantastiske!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar