fredag 28. mai 2010

Gøy for alle kattegale!













Me elskar kattar heime hos oss og me kjenner oss godt igjen i denne historia. Nokre kattar er ikkje nøgde same kva du gjer. Me gjer dei den beste maten. Dei får den beste stolen. Likevel ser dei sitt snitt til å gjera frå seg i ein krok, klora opp den nye sofaen og knusa vasen som me fekk av tante. Naboane klagar på støy. Nattestid spring dei etter alt av hokjønn og etter ei stund har alle kattungar i mils omkrets same fargane som vår katt.

Alt dette og meir finn du i historia om kattebeistet Don Fridtjof. Går det an å vera glad i noko slikt? Men som i alle gode historiar, skjer det noko som får alt til å endra seg: Don Fridtjof får ei dansemus i matfatet. Rasande og fornærma set han etter musa og ender ein plass som er kat(t)astrofal! for ein katt - oppi eit tre!

Lisa Aisato har laga tøffe, mørke og detaljrike teikningar som barna kan kosa seg med i lange tider. Anna Bache-Wiig stel utan å skjemmast frå Henrik Ibsen (kan du finna det ho har stole?) og skriv saftige rim som får fart på historia. At historia er på rim, er bra. Til dømes hvis du har reist på hyttetur med borna og har gløymd høgtlesingsboka!! Då hugsar du og borna alle rima utanat og kan kosa dykk med Don Fridtjof likevel.

Ein siste ting! Veit de om nokon som tenkjer på å få seg katt? Denne boka bør lesast før det. Det er ikkje lett å skue katten på hårene når han sit der som søt kattunge. 

Nysgjerrig på kva andre meiner om boka? I går skreiv Kasiopeiia om boka, i morgon er det Kine sin tur. Dette er eitt innlegg av mange i bokbloggturneen som Nina i Cappelen Damm har kjørt i gang. Du kan følgja bloggturneen på facebook òg.